mai 272011
 


Sommarutgåva av Solsidene, skuleavisa til vaksenopplæringa, er endeleg klar. I dag selde Asgeir Sivertsen det fyrste av 220 eksemplar til Mary-Ann Teisnes.
– Eg har lest Solsidene i mange år, og synest det er kjekt å fylgja med på kva vaksenopplæringa balar med, sa Mary-Ann til lokalavisa.
Marsteinen har fylgd siste innspurt av Solside-produksjonen. Reportasjen om den 18 år gamle glad-avisa, kan du lesa i neste vekas utgåve av Marsteinen.