mai 312011
 

Frå dagens auksjon i Egersund. Foto: Olav Endre Drønen

Av austevollbåtane var det «Storeknut» som var fyrst ute med årets matjessildefiskeri. Og det til rekordpris. Kiloprisen dei fekk var på skyhøge 14,36 kroner per kilo, etter at dei hollandske oppkjøparane hadde inspisert silda.

– På ståande fot meiner eg at denne prisen truleg er det høgaste som er gitt i Egersund nokon gong, seier sildelagets salsleiar Kenneth Garvik til Marsteinen.