jun 052011
 

Leia 2-0, tapte likevel 2-3

FOTBALL: – Førde var ikkje noko godt lag. Men dei var flinke til å krige, seier ein

tydeleg skuffa AIK-trenar Stig Storebø etter nytt bortetap i 2. divisjon.

For etter to kjappe scoringar av Joakim Melingen gjekk AIK inn til pause med

komfortabel 2-0-leiing i sunnfjordbyen Førde. Men den tidlegare Sogndal-trenaren

Torbjørn Glomnes heldt saman med sin trenarkollega Knut Erik Folland ein tordentale

overfor heimelaget sine spelarar i pausen, og det var eit fullstendig nytt og

aggressivt heimelag som entra grasmatta i 2. omgang.

– Då handla det berre om å krige, og der var Førde best. Dei slo oss baktunge med

lange ballar mot fysiske sterke spissar, og då fekk vi problem, seier Storebø.

Kampfakta

Fair-Play ligaen avd. 3

Førde – Austevoll 3-2 (0-2)

Førde stadion

320 tilskodarar

Mål:

0-1: Joakim Melingen 4. min

0-2: Joakim Melingen 26. min

1-2: Christoffer Hafsås 64. min

2-2: Thor Jørgen Spurkeland 67. min (str.)

3-2: Tobias Evebø 89. min

Dommar: Anders Bjerk Hansen, Bjarg

Gule kort: Gisle Isene og Christer Husa, begge Førde. Joakim Melingen, Austevoll

Austevoll: Daniel Aga (3), Øystein Storebø (4), Andreas Risøy (5), Aleksander Dale

(5) (Peter Rabben frå 85. min), Ansgar Kalvenes (4), Frode Storebø (5), Kurt Hovland

(4), Brede Storebø (5), Kristoffer Østervold (4), Trond Heggestad (5), Joakim

Melingen (6).