jul 252011
 

Fakkeltog leia av sokneprest og ordførar følge av om lag 800 menneske frå heile Austevoll, markerte i kveld avstand frå valdsbruk og støtte til offera og deira pårørande gjennom ein solidaritetsaksjon, som ein truleg må over 70 år attende for å finna marken til i austevollsk samanheng.

Jan Tøres Nordstrand las diktet Til ungdommen, som kan vera ein god påminnar om avgjerande verdiar i samfunnet. Susanne Lier sa viktige ord om engasjert ungdom og fortalde om eige røynsler frå Utøya i organisasjonssamanheng. Også ordførar Helge André Njåstad tale til den talrike forsamlinga.