jul 302011
 

Heggestad gjer 2-2 på ein av dei mange sjansane sine.

Austevoll leverte i 45 minuttar sesongbeste mot topplaget Mandalskameratene, som trass i ein gigantisk gåvebakke frå AIK-keeper Harald Østervold, sleit med dei oransje. Til pause stod det 2-2, etter mål av kaptein Brede Storebø og Trond Heggestad.

Etter pause var kampens klare einar i dei fyrste 45 minuttane, Inge André Rabben gått tom, og bortelaget fekk for mykje spelerom, spesielt i lufta og på daudballar. Likevel var det AIK som gjekk i leiinga med 3-2 med eit sjeldan mål av Ansgar Kalvenes. Euforien hadde ikkje lagt seg før AIK vart fina ut av MKs to beste hovudspelarar. Noko enkelt fekk kraftspiss Christian Tveit stanga inn utlikninga til 3-3.

Sigersmålet sjedde kort tid etter drygt halvspela omgang då MKs Sagbakken slo offsidefella til AIK, og nærast kunne spassera inn 4-3. Like før kampslutt var både innbyttar Tord Harald Skår og Trond Heggestad farleg frampå på sjansar som buirde ha gitt nettkjenning.

Ein enorm spelemessig opptur så lenge det var saft i beina til Inge André Rabben, enda til slutt i tap mot eit bortelagt med betre kondisjon enn heimelaget.

Fullt kampreferat og spelarbørs får du i avisa på torsdag.