aug 032011
 

Tord Harald Skår har nett kriga in 1-0 etter få minutt av kampen.

AIK vann 2-1 mot Flekkerøy i kveld. Kampen var tett og open, og kunne like gjerne ha enda med poengdeling.

Det var likevel Tord Harald Skår som sette tonen for kvelden. Etter fyrst å sikra AIK press høgt på banen, kriga Skår inn 1-0 på dødball før kamopen var kome skikkeleg i gang. I andre enden av banen var Ansgar Kalvenes vel nonsjalant, og kunne fort ha gitt bort eit mål med fiksfakseria sine som sistemann.

Skår var igjen framme på dødball, og berre eit tilsynelatande ekstra ledd i armen på målvakt Henrik Markussen, hindra AIK i å gå opp i 2-0. Etterkvart tilreiv bortelaget seg føringa, og dei var uheldige som ikkje utlikna dp Johannes Mone steig til vêrs og heada ballen i tverrliggjaren. Bortelagets keeper var stadig ute og snappa moglege gjennomspel, og avverga ein stor sjanse etter at Trond Heggestad og Brede Storebø hadde kombinert fint.

Alexander Dale viste òg prov på godt stopparspel, og dukka opp som ein reddande engel på lengste stolpe etter om lag 35 minutt. AIK hadde like før pause store problem med å spela seg ut av eigen banehalvdel, og feilpasningane florerte.

Etter pausen la bortelaget presset høgt og flytta midtbanespelarane høgt i banen. Dette opna for sjansar begge vegar. Då var det godt å ha Harald Østervold som parat sisteskanse. Han kunne likevel gjera lite på utlikninga, der Yngvar Håkonsen og Yngve Martinsen nærast stod i kø for å putta ballen.

Like etter kom Lars Kristian Thorsen til ein god sjanse, før dagens gode høgreback for AIK, Henrik Melingen, raida Flekkerøy si venstreside, og på flott vis serverte Heggestad, som fekk den prima sjansen sin blokkert av Flekkerøy.

Flekkerøy trekte seg lenger ned på banen, medan AIK kom på offensiven. Tord Harald Skår skaut bra, og returen skapte vanskelegheiter i bortelagets felt. Innbyttar Melineg var farleg ved eit par høve, før AIK fekk frispark frå høgre. Håvard Vassnes tok rennevart, fann holet i muren og sette ballen i nóta. 2-1 og mindre enn ti minutt att.

AIK var ikkje spesielt kyniske, og pressa på for 3-1. I staden kunne det fort blitt utlikning, då Lars Kristian Thorsen nok ein gong kom seg fri, denne gongen med heading. Lukkelegvis var Harald Østervold nok ein gong patent mellom stengene.

Til sjuande og sist altså tre poeng. For fyrste gong sidan 9. mai, då det var Odd Grenland 2 som tapte på Eidsbøen.

Kampfakta med spelarbørs:

Austevoll – Flekkerøy 2-1

Mål: 1-0 Tord Harald Skår 6, 1-1 Yngvar Håkonsen 54, 2-1 Håvard Vassnes 83.

AIKs lag (4-4-1-1): Harald Østervold 6 – Henrik Melingen 6, Ansgar Kalvenes 6, Alexander Dale 7, Håvard Vassnes BB 7 – Kurt Hovland 5, Inge André Rabben 6, Ørjan Haugland 6 (Joakim Melingen 67), Brede Storebø 6 (Frode Storebø 79)- Tord Harald Skår 7 – Trond Heggestad 6 (Adrian Hovland 84)