aug 042011
 


I går vart songen Håp, dedisert til dei etterletne av tragedien 22. juli, spelt inn i studio i Stavanger. Bak songen, står austevollingen Håkon Kalvenes.

Inspirert av reaksjonane til folket etter terrorhandlingane i Oslo og på Utøya den 22. juli, sette Håkon Kalvenes seg ned og skreiv låta Håp.
– Eit typisk nyhendebilde frå område som er ramma av terror, er fylte med hat og flaggbrenning. Men her var det stikk motsett. Folk lyfta fram blomar og viste at sjølv om nokon ville oss vondt, vil me gjera noko godt vidare, seier artisten, som synest dette er ein moden måte å reagera på.

Gratis nedlasting
Håkon skreiv Håp førre veke, spelte han inn i studio i går og legg songen ut på nett neste veke.
– Det vert gratis å lasta han ned, for eg ynskjer at alle som vil skal få tilgang til låta, seier Kalvenes. Han meiner at ein med musikk ofte kan hjelpa å setja ord på tema som elles er vanskelege.
– Dersom songen kan hjelpa nokon å lyfta blikket og finna trøyst, er målet mitt nådd.
Sjølv synest ikkje artisten det var vanskeleg å finna orda til songen.
– Kjernen i songen kom veldig fort. Det var noko inni meg som ville ut, seier han.
At det berre går dryge to veker frå ein song er påtenkt til han vert distribuert, er derimot nytt for Håkon, eller Hakon, som artistnamnet hans er.
– Det har nesten gått for fort, men det er viktig å få songen snart. Det er no det er aktuelt.