aug 082011
 

Ein god omgang og siger i sjansestatistikken vart ikkje nok då Viking kjempa til seg sigeren mot AIK etter mål av Vidar Nisja og Brann-kjenning Tommy Knarvik.

Nok ein gong trakk AIK det kortaste strået i ein kamp der det kunna bikka begge vegar. Det byrja rett nok greit. I ein tam fyrste omgang var det bortelaget som gjekk i leiinga etter at Øystein Storebø dunka ballen i mål frå kort hald.

Etter pause vakna begge lag og byrja å underhalde. Etterkvart kom måla. Fyrst herja Vidar Nisja med forsvaret før han la ballen til Tommy Knarvik som hadde ein enkel jobb med å leggje ballen i mål. Nisja gjekk då frå rolla som tilretteleggjar til avsluttar og førte Viking opp i leiinga med eit hovudstøyt.

Austevoll tok då over og produserte ei rekkje sjansar, men berre eit traff nettmaskene. Tord Harald Skår styrte eit Øystein Storebø-innlegg inn bak Aslak Falch i Viking-målet. Men det gjekk ikkje lenge før Vidar Nisja dukka opp att og var sistemann på ballen etter eit nytt innlegg.

Eit nytt bittert tap for oransjetrøyene.

 

Viking 2- AIK 3-2 (0-1)

0-1 Øystein Storebø (17.min), 1-1 Tommy Knarvik (65), 1-2 Vidar Nisja (69), 2-2 Tord Harald Skår (Øystein Storebø) (73), 3-2 Vidar Nisja (77)
AIKs lag: Harald Østervold 5 – Øystein Storebø 7, Ansgar Kalvenes 5, Alexander Dale 6, Håvard Vassnes 6 (Ørjan Haugland 73)– Joakim Melingen 4 (Christian Møgster 72) , Inge Andre Rabben 5, Kurt Hovland 5, Brede Storebø 4 – Tord Harald Skår 5, Trond Heggestad 6 (Frode Storebø 5 (57))