aug 112011
 

Ingen område i vår kommune er rekna som så viktige at dei er med i den nye tiltaksplanen for å ta vare på kystlyngheia i Noreg.

 

Røsslyngheiene på kysten har vore brukte av menneska i fleire tusen år. No er landskapstypen sterkt truga.

Kystlyngheia er ein av Noreg og Europa sine mest truga naturtypar. Berre ti prosent av dei opphavelege lyngheiene våre er intakte. Denne landskapstypen er brukt av menneska i 5 000 år, og har vore sentral for busetjinga på kysten.

Det er utarbeidd ein ny handlingsplan for å ta vare på kystlyngheia her i landet.

 

Fine lyngheier

Ingen av lyngheiområda i Austevoll er blant dei utvalde i tiltaksplanen. Men kommunen vår får fin omtale, og vert dregen fram som den staden der tradisjonen med villsauhald redda den gammalnorske utegangarsauen frå å bli utrydda.

– Her det fleire flotte kystlyngheier som er beita med villsau, som blant anna Litlekalsøy, Fugløy og Møkster, heiter det i planen.

I Eli Fremstad sin rapport om kystlyngheia frå 1991  er eit område på sørvestre del av Selbjørn rekna som svært viktig på fylkesplan og viktig på landsplan.

I Hordaland er Lygra/Lurekalven, der Lyngheisenteret ligg, eit prioritert område. Det same er Fitjarøyane, der austevollingen John Inge Vik med fleire driv med villsau.

 

Beiting og brenning

Gjengroing er største trusselen mot kystlyngheia. Difor er aktiv bruk med beiting og brenning den einaste gangbare vegen for å ta vare på dei viktigaste lyngheiområda. Det føreset samarbeid med grunneigarane.

Dei grunneigaren som vil vera med, inngår samarbeid med fagfolk som utarbeider ein skjøtselplan for kystlyngheia. Grunneigaren pliktar seg til å fylgja opp planen, og får til gjengjeld tilskot frå staten for jobben. Landbruksavdelinga hos fylkesmannen administrerer ordninga.

 

Spesielt ansvar

Noreg har heilt unike variantar av kystlynghei fordi me ligg så langt mot nord. Det gjev oss eit spesielt forvaltningsansvar for lyngheiene i internasjonal samanheng.

Dei norske kystlyngheiene strekkjer seg frå Agder til Lofoten. Ei rekkje truga artar har kystlyngheia som leveområde, blant anna planta klokkesøte og hubroen. Begge er sterkt truga.

 

Undersak:

Registrerte kystlyngheier

 

Aase Nøttveit registrerte 24 kystlyngheier i Austevoll i 2006. Dei er omskrivne i rapporten Kystlynghei i dei ytre kommunane i Sunnhordland som ligg på nettet.

 

Dei skraverte felta er registrerte kystlyngheier i Austevoll.

 

Selbjørn har open lynghei i sør og vest. Det er stor trong for rydding av einer og sviing av gammal lyng. Det er 300 til 500 villsau i området. Beitepresset bør aukast.

Kring Kongsen er det opne område dominert av røsslyng. Villsau beitar området, men det er trong for sviing.

Stolmen har lyngheier på vestsida, både i sør og nord. Det er mykje gammal lyng og attgroing. Einer må ryddast og beitepresset aukast. Områda må sviast med jamne mellomrom.

Fugløy har store parti med fuktig kystlynghei. Rundt 70 villsau beitar på øya.

Litlakalsøy har spesielt fine lyngheier i nord. I sør er det attgroing med lauvskog og sitkagran. Det er få beitedyr på øya og beitepresset bør aukast.

Møkster har spesielt fine lyngområde i nordvest og også lyng i sør. Ca 150 villsau beitar på øya, men det bør sviast kvart 20. år.

Horgo er dominert av kystlynghei og i god skjøtsel. Rundt 120 villsau beitar øya.

Storekalsøy har lokalt viktig kystlynghei på vestlege delen av øya. Det er ein del gammal lyng og innslag av einer. I nord er det attgroing. I vest beitar villsau. Trea i lyngheia bør hoggast, eineren ryddast og lyngen fornyast ved sviing.

Pirholmen har for høgt beitepress og det fører til at røsslyngen er sterkt redusert. Skal lyngheia restaurerast, må beitepresset reduserast.

Ei rekkje andre område er omtala i rapporten.