aug 132011
 

Austevoll brydde seg i dag lite om at dei møtte eit lag som berre hadde avgitt eitt einaste poeng i heile sesongen, medan dei sjølve låg over 30 poeng bak på tabellen. Leia av av eit strålande trekløver i midtstoppar Alexander Dale og  midtbanespelarane Inge André Rabben og Frode Storebø gjekk til slutt alle poenga til AIK.

 

AIK-spelarane feira årets beste siger 1-0 over på papiret uslåelege Notodden.

Austevoll hadde heile tida eit spelemessig overtak over Notodden, som sikkert vart overraska over eit heimelag som var aggressivt i alle ledd. Joakim melingen hadde fleire sjansar i fyrsteomgongen, og heimelaget burde stregt teke ha leia ved pause. Etter kvila heldt AIK fram med å imponerera, men trengde straffe for å få hol på byllen. Brede Storebø sette lærkula i nóta.

Notodden var farlege mot slutten, men då stod Harald Østervold fram som ein vegg på streken. Innbvyttar (!) Trond Heggestad og Frode Storebø kom til farlege sjansar på den andre sida like før slutt. Les meir om sigeren, som speaker dediserte til kreftsjuke Rasmus Kåre Storebø, som vart rørt av gutane sine sin siger over det til no uslåelege Notodden-laget.

Meir om kampen og spelarbørs får du i avisa på torsdag.

 

AIK – Notodden 1-0

Mål: 1-0 Brede Stprebø (str) 58

AIKs lag (4-4-1-1): Harald Østervold – Øystein Storebø, Ansgar Kalvenes, Alexander Dale (Andreas Risøy 85), Håvard Vassnes – Frode Storebø, INge André Rabben, Kurt Hovland, Brede Storebø (Ørjan Haugland 82) – Tord Harald Skår – Joakim Melingen (Trond Haggestad 77)

Gult Kort, AIK: Tord Harald Skår.