aug 162011
 

Politiet i Austevoll søkte i går etter førar av ein Askeladden skjergardsjeep, som hadde kjørt på land ved Austre Storebøvik. Det vart etterkvart søkt på land med hund, utan at personen vart funnen.

Politiet meiner det må ha vore ein kraftig smell då båten gjekk på land. Foto: Tipsar.

Båten som gjekk på land hadde mellom anna skade på propell, og var saman med ein annan båt rapportert stolen på Fitjar.  Ein redningsvest låg og flaut utanfor båten, men ingen teikn til folk då ulukka vart oppdaga. Politiet søkte både til sjøs og på land etter skadde personar.

– Me har vitneobservasjonar av to båtar i same området like før ulukka. Begge båtane var melde stolne på Fitjar, seier politibetjent Fredrik Olsson ved Austevoll lensmannskontor til Marsteinen. Han er sjølvsat interessert i fleire vitneobservasjonar.

Olsson seier at politiet trur at personen som førte båten på land, truleg har blitt plukka opp av den andre båtføraren i det andre fartøyet. Hundesøket på land vart nemleg resultatlaust.