aug 222011
 

I dag er det folkemøte på Storebø om kommuneplanen. I morgon er turen kome til Bekkjarvik. Ordførar Njåstad vonar på stor interesse.

Ordførar Helge André Njåstad (t.h.) vonar på stor intereresse kring kommuneplanen. Arkivfoto: Marit Rose.

Kommuneplanen vert stadig viktigare. Han legg ramene for arealpolitikken i Austevoll for mange år framover. Difor vonar ordførar Helge André Njåstad at mange møter fram på folkemøtene denne veke om planen.

– Både dei som vil byggja ut, og dei som vil bevara landskapet slik det er no, bør møta opp. Det blir mellom anna gitt informasjon om korleis ein kan bidra i den demokratiske prosessen kring planen, seier Helge André Njåstad til lokalavisa.

(Merk frå redaktøren: Det stod feil dato/stad i annonsa i avisa førre veke. Det rette er at folkemøtet på Storebø går i dag, tysdag, og i morgon, onsdag, i Bekkjarvik)