aug 232011
 


Studentar, sjøfolk og andre som veit dei ikkje er heime på valdagen den 12. september, kan førehandsstemma alle kvardagar på Austevoll offentleg servicekontor.

Marsteinen stakk nasen innom vallokale i kommunehuset måndagsettermiddagen. Det gjorde også Stig Are Vik, ein av dei til då over åtti personane som nytta seg av førehandsrøystinga.
– Eg er sjømann, og er ute på båt på valdagen. Difor stemmer eg allereie no, sa han til lokalavisa.
Det er heller ikkje uvanleg at personar som av heilt andre grunnar er innom kommunehuset, ser sitt snitt til å få unnagjort røystinga, fortel Steinar Hole.
– Også dei som er folkeregistrerte i andre kommunar, kan stemma her. Då er det viktig at ein er ute i god tid, slik at røystesetelkonvoluttane kjem fram til den aktuelle kommunen innan valdagen, seier Hole. Dette gjeld òg austevollingar som er busett i andre kommunar.
I tillegg til dei vanlege opningstidene ved Austevoll offentleg servicekontor, vil det verta langope for førehandsrøysting kvar torsdag før valet. Det vil også vera eine tider for røysting ved Austevoll folkebibliotek i Bekkjarvik, Austevoll vidaregåande skule, Birgittunet, Austevoll po-senter og Austevoll arbeidssamvirke.
På kommunehuset kan ein òg stemma til både kyrkje- og fylkestingsvalet.

Velkomstkomiteen er nok ikkje like mannssterk for alle som røyster, men det er i alle fall enten Ann-Kristin Hagen eller Ann Kristin Fagerbakke (sitjande) som tek i mot velgarane.