aug 252011
 

Helge André Njåatad og partikollega og stortingspolitikar Arne Sortevik meiner der er mange gode grunnar for at to milliardar kroner skal nyttast for å knyta Austevoll på Kyststamvegen over Rekstern.

Samferdselsministeren må svara på om direktebru frå Rekstern til Austevoll bør leggjast inn som ein del av Kyststamvegens midtre alternativ. Frp sin Arne Sortevik stiller spørsmålet, og partikollega Njåstad satsar alt ein slik realisering.

 

– No har me eit historisk høve til å knyta Austevoll direkte til Europa. Fordelane med det midtre alternativet over Rekstern er mange, og kan Austevoll bli kopla på, kan det gjera fem ferjesamband overflødige, seier stortingspolitikarar Arne Sortevik.

Han har sendt spørsmål til statsråd for samferdsle, Magnhild Meltveit Kleppa, om ikkje Austevoll skal bli innlemma som ein del av det midtre alternativet for Kyststamveg.

Den energiske samferdslepolitikaren trur vidare at teknologien som skal til for å konstruera flytebru på nesten fem kilometer over Bjørnefjorden allereie eksisterer og er i bruk i offshorenæringa, og at totalkostnadane kjem til å gå ned og at det samfunnsøkonomiske reknestykket skal bli endå betre for det midtre alternativet. Den andre løysninga går gjennom Fusa, og vil resultera i lengre kjøretid.

– Det midtre alternativet kan dessutan byggjast ut etappevis, og ved å binda Austevoll på, får me ein endå betre regional effekt, seier Sortevik til Marsteinen.

Slik blir trasé med tilkobling frå Husavik - Tobbholmane til Rekstern viss Framstegspartiet får det som dei vil.

 

 

Set alle klutar til

Ordførar Helge André Njåstad konstaterer at ei bru til Austevoll totalt kan koma til å kosta kring to milliardar kroner. Å få sjølve Kyststamvegen over øyane ser ut til å vera umogleg etter konsekvensutgreiinga frå Statens vegvesen nærast avskreiv dette. Selbjørnsfjordstunellen er vorte eit langt vanskelegare prosjekt å gjennomføra etter at nye reglar for stigning og krav om rømningsvegar er tredd i kraft.

– Målet vårt er å samla kommunane i Sunnhordland for det midtre alternativet, og at me skal få kopla oss på. Me har i tillegg bede om eit møte med statsråd Meltveit Kleppa. Kommunestyret får òg sak på dette, seier Njåstad til avisa. Høyringsfristen i saka er lagt til 1. november 2011.

– Slik Bømlo fekk knyta seg på Trekantsambandet, kan me knyta oss på E39 over Rekstern, håpar Helge André Njåstad.

 

Av Trond Hagenes

  2 Responses to “Tek Rekstern-tilknyting til statsråden”

  1. Jeg håper de ikke har tenkt å fjerne fergen Hufthamar – Krokeide med dette forslaget ! Å kjøre fra nord på Austevoll til Bergen / Flesland vil dermed bli en lang omvei.

  2. Dette virkar som eit urealistisk, og lite gjenomtenkt prosjekt. Ei hengjebru der tårnet skal stå på 80 meters djup og meir en 200 meter over havet, utan fjell til å forankra bærekablane i, er eit prosjekt som aldri før har vore bygd i Noreg. Og når det for det meste skal betalast med bompepengar, vil det bli dyre reisekostnader for Austevollingane i framtida.
    Undrar meg at FrP er så stor tilhengjar av bompenge prosjekt.

    Lat oss for framtida arbeida for raskare ferjer både i nord og sør. Å kutta forbindelsen til Fana/Bergen er ingen god samferdsels politikk.

    Hallvard Møgster