aug 272011
 

Austevoll viste moral då dei kom attende frå 0-1 og kneip til seg tre naudsynte poeng borte mot rogalandslaget Ålgård.

Frode Storebø hadde ein god kamp på Ålgård,

– Det var deileg, sa ein letta trenar Stig Storebø etter å ha sett AIK kjempe seg til siger i ein sjansesefattig batalje. Storebø kunne glede seg over at laget hadde marginane på deira side. Ålgård kom til fleire store sjansar på 1-0. Men i staden for dobling av leiinga slo austevollingane attende. Fyrst vart Andreas Risøy felt i Ålgård sitt straffefelt. Dommaren peikte på kritmerket og Trond Heggestad viste ingen nåde. Deretter lurte Håvard Vassnes alle med å sende eit frispark frå kanten i mål.

– Sigeren var essensiell i kampen for å halde plassen, konstaterte trenar Storebø.

 

Ålgård- Austevoll 1-2 (0-0)

Mål: 1-0 Paul Oyuga (69. min), 1-1 Trond Heggestad (76, straffe), 1-2 Håvard Vassnes (84)

AIKs lag(4-4-1-1): Harald Østervold 5 – Henrik Melingen 4, Ansgar Kalvenes 4 (Andreas Risøy frå 69), Alexander Dale 5, Håvard Vassnes 6 – Frode Storebø 5 (Christian Møgster 79), Inge Andre Rabben 4, Kurt Hovland 5, Brede Storebø 6 (Joakim Melingen 72) – Tord Harald Skår 4 – Trond Heggestad 4