sep 012011
 

Det nye signalbygget på Storholmen vart gjort stas på, og ein av dei som gler seg aller mest til å flytta inn er ambulansesjåfør Einar Walle Berg.

 

Tone Østervold Marcelius fekk blomar frå ordførar Helge André Njåstad.

Ambulansepersonalet og kjøretøya deira har vore som kasteballar frå dei eine leigde huset til det andre. Denne månaden vert det slutt på det, og laurdag inviterte Tone Østervold Marcelius folket til å ta ein titt på praktbygget ho har investert i, og som skal leigast ut til Helse Bergen i dei neste 15 åra.

– Rett nok er noko av idyllen på Storholmen broten, men me har vunne noko òg, sa ei rørt Østervold Marcelius, som skrytte over innsatsen til ordførar Helge André Njåstad før ho heldt fram.

– Mange kjem nok til å ta eit siste farvel med Austevoll frå denne staden, sa ho, før det vanka blomar, tale og klem frå nemnde Njåstad.

 

Familierom og legebustad

I utkanten av dei mange frammøtte stod Einar Walle Berg, som for 15 år sidan skifta ut tannlegefrakken med ambulansesjåføruniformen.

– Det var rett tilfeldig at det vart sånn, men eg var i utgangspunktet lei av å rota ned i kjeftane til folk medan sola skein ute, smilte den rutinerte sjåføren, som òg viste Marsteinen kring på den nye stasjonen, som Helse Bergen overtek denne veka.

– Her er mellom anna eit familierom, der tilsette som er på vakt kan ha med seg familiane sine.

Dei aller fleste som arbeider i ambulansetenesta er ikkje busette i Austevoll, noko som gjev slike tiltak spesielt velkomne. Walle Berg skrytte over kor lydhøyrte Helse Bergen har vore i planleggingsprosessen, og mellom anna sikra nedsenkingar i lasterampene på kaien, for å sikra enklare tilgjenge for lågare ambulansebåtar.

I anlegget er det òg to bustadar, spesielt tiltenkt legepersonell i Austevoll kommune, som får gleda seg over nærleik til sjøen i særs vakre omgjevnadar midt i hesteskoen som utgjer det vegfaste Austevoll.