sep 032011
 

Austevoll fekk sterk motstand då nabolaget Åsane gjesta kunstgrasmatta på Eidsbøen.

Foto: Emil Økland

Heimelaget opna best og kom fyrst i føringa ved Trond Heggestad etter berre 8 minutt, 1-0. Det tok ikkje lang tid før Åsane utlikna til 1-1, etter scoring av veteranen Ørjan Låstad etter 12 minutt. Åsane heldt fram med å pressa på, og Joachim Hammersland auka til 1-2.

Austevoll opna godt i andre omgong, men det var igjen Åsane som fekk best betalt då ballen spratt opp i neven på Tord Harald Skår, og dommaren peikte på krittmerket. Ørjan Låstad var sikker frå 11 meter, og Åsane gjekk opp i 1-3. Austevoll hadde mange gode sjansar, men Åsane tok meir og meir over ut i omgangen.

Lufta såg ut til å gå ut av dei oransje då ein forferdelig klarering frå forsvaret til Austevoll havna rett i beina på Marcus Stueland, som ikkje hadde noko problem med å sette ballen i mål frå 13 meter. Med 1-4 til Åsane forsøkte austevollingane heroisk å komma inn igjen i kampen, men det hjalp lite at Trond Heggestad reduserte til 2-4 etter straffespark i det 82 minutt. Åsane reiste fortjent heim til Bergen med 3 poeng i bagasjen.

The gallery was not found.

Austevoll – Åsane 2-4

Mål: 1-0 Trond Heggestad (8), 1-1 Ørjan Låstad (13)
1-2 Joakim Hammerland (20), 1-3 Ørjan Låstad (60, Straffe)
1-4 Marcus Stueland (72) , 2-4 Trond Heggestad (82, Straffe)

AIKs lag (4-4-1-1): Harald Østervold – Øystein Storebø , Andreas Risøy, Alexander Dale , Håvard Vassnes – Frode Storebø (Christian Møgster 70), Inge Andre Rabben, Kurt Hovland (Tord Harald Skår 55), Brede Storebø – Joakim Melingen (Adrian Hovland 80), Trond Heggestad

 

Tekst: Håkon Daniel Økland