sep 082011
 

Er du opptatt av utvikling i heile Austevoll? Ja, då må du stemma Senterpartiet på måndag. Me er partiet som kjempar for heile kommunen:

– fiskerihamnprosjektet på Rabben/Salthella vil me fullføra
– betre mobildekning i heile kommunen
– distriktsbutikkane skal ha gode vilkår
– heimesjukepleien skal hjelpa folk der dei bur
– i areal og byggesaker skal me sikra utvikling i heile Austevoll

I 4 år no har ikkje opposisjonen levert noko budsjett eller framleggg som viser andre måtar å styra Austevoll på. Litt overraskande så har heller ikkje valkampen presentert noko ny retning for Austevoll. Det ser ut til at alle parti er nøgd med den linja kommunen no styres etter, og det er fornufitg. Ein viktig del av styringa av Austevoll kommune er Senterpartiet. Me er dei som kjenner regjeringa, noko som er svært viktig for Austevoll. Me er dei som tenkjer på heile kommunen i lokale saker. Austevoll kommune treng eit sterkt Senterparti. Stem difor Senterpartiet på måndag.

Edvard Johannes Stangeland, ordførarkandidat Austevoll Sp