sep 122011
 

Førehandstemmene, 645 i talet, er opptelde. I dette materialet ser det ut som spesielt Framstegspartiet er i ferd meg å gjera eit retteleg brakval.

Tala er som fylgjer (i parantes framgang/attendegang i forhold til alle stemmene i kommunestyrevalet i 2007):

Arbeidarpartiet 8 % (- 6,8)

Framstegspartiet 47,9 % (+ 4)

Høgre 31,8 % (+ 12,2)

Kristleg folkeparti 5,7 % (-4,1)

Senterpartiet 4,3 % (- 5,8)

Venstre 2,1 % (+ 0,2)

I ein stutt kommentar seier Framstegspartiet sin ordførarkandidat Helge André Njåstad at det enno står att 2/3 av stemmene til å bli talde opp, og at partiet hans tradisjonelt scorar noko høgare på førehandsstemmer enn når alle stemmene vert talde opp.

Ein av dei største taparane ser uttil å bli Arbeidarpartiet. Over Fagerbakk seier at han enno ikkje vil trekkja konklusjonar, men at viss resultatet held seg, vert det eit skuffande dårleg resultat.

 

 

Tellekorpset ved Juli Eide Solbakken og Jane Stangeland i full sving, med kontrollørar like over skuldrane.