sep 122011
 

Senterpartiet har i likskap med både Arbeidarpartiet og Kristleg folkeparti gjort eit historisk dårleg val.

– Eg hadde i grunnen forventa at me skulle få to mandat. Eg vonar enno at fintellinga skal gje oss eitt mandat til, slik at me endar på to, seier Edvard Johannes Stangeland, som vart overraska over at Framstegspartiet gjekk fram og vann eitt mandat.

– Høgre hadde eg rekna med, men ikkje at dei skulle bli så store, seier den politiske ringreven.