sep 122011
 


Helge André Njåstad (Frp) skåler for sin tredje periode som ordførar i Austevoll. Sjølv om partiet hans er det klårt største i kommunen, og ser ut til å få heile ti av 21 mandat, lovar han å møta kollegaane i kommunestyret med opne armar.
– Me skal ikkje møta dei mindre partia med same arroganse Ronald (Persen) og eg vart møtt med i 1999. Alle 21 representantane er velde av austevollingane, og alle skal få seia meininga si, sa ordføraren til Marsteinen under Frp-valvaka på arbeidssamvirket.