sep 132011
 

Tellekorpset held tysdag klokka 16 framleis på med å fintella stemmene, tilleggsstemmene til einskildkandidatane og slengjarane som var avgivne i går. Det er etter det Marsteinen erfarer særs nært at Senterpartiet kaprar det siste mandatet frå Høgre. Det skal òg vera store utslag for kven som kjem til å representera dei mindre partia, i forhold til plassering på listene. Me kjem attende med kven som vert folket sine representantar så snart ei stadfesta liste er klar.