sep 222011
 

Nær 43 prosent røysta ved kyrkjevalet. Gjennomsnittet på landsbasis er 13 prosent. No vert austevollingane gratulerte.

Av Marit Rose

– Valdeltakinga er svært bra, og me får gratulasjonar frå andre kommunar som har lagt merke til dette, seier kyrkjeverje Jan-Tørres Nordstrand.

Han trur striden som rasa for nokre år sidan om kor mange kyrkjer kommunen skal ha, berre har hatt litt å seia for valdeltakinga.

– Eg trur måten folk vart møtte på i vallokala har hatt størst innverknad. Både kommunen og kyrkja sine valmedarbeidarar er på godfot med innbyggjarane, og minna gjerne om at det også var eit kyrkjeval denne dagen. Kyrkja står dessutan sterkt i Austevoll, seier Nordstrand.

Ved kyrkjevalet for to år sidan var oppsluttinga 25 prosent.

 

Nordstrand toppar

Per Nordstrand frå Kolbeinsvik fekk flest stemmer ved kyrkjevalet. Han stod også øvst på vallista, men seier at det ikkje automatisk gjer han til leiarkandidat i soknerådet.

– Det nye soknerådet skal sjølv velja leiar på eit møte i nær framtid, og alle dei valde medlemmane er i utgangspunktet aktuelle kandidatar.

Ingebrigt Austevoll har vore soknerådsleiar dei siste ni åra, og Per Nordstrand synest at det er som om søre veggen vert borte når Ingebrigt er ute av soknerådet.

– Heldigvis er han aktiv innanfor kyrkja, og kan bruka kunnskapen og evnene sine på andre felt enn i soknerådet, seier han.

 

Stemmesankar

Med 1 483 stemmer, berre to mindre enn listetoppen, gjorde Karen Kvinge frå Selbjørn eit brakval.

– Dette kom brått på, eg stod jo langt nede på lista og er takksam og audmjuk overfor dei som har stemt meg inn. Eg er glad i kyrkja, og trur arbeidet i soknerådet vert kjekt og spennande, seier Karen Kvinge.

Ho har aldri vore med i soknerådsarbeid, og går til oppgåvene med ope sinn.

– For meg er det viktig at det er godt for folk å koma i kyrkja, både i glede og sorg. Kyrkja må ha aktivitetar som engasjerer små og store, og terskelen må vera lav. Eg trur kyrkja betyr svært mykje for folk, meir enn me kanskje tenkjer over, seier ho.

 

Utfordringar

Etter to år bak seg i soknerådet, meiner Per Nordstrand at kyrkja står overfor store utfordringar både innvortes og utvortes.

– Det viktigaste er det indre livet. Me ynskjer oss liv og røre, at det skjer ting og at kyrkja fyller behovet folk har for å søkja Gud. Ei levande kyrkje krev ressursar både i form av kroner og frivillig innsats, seier han.

Etter at det vart slutt med kristendomsopplæring i skulen, har kyrkja fått dette ansvaret. Dei skal no laga ein trusopplæringsplan for barn og unge frå null til 18 år.

– Ein ting er planen, altså papirarbeidet, ein annan ting er å få sett planen ut i livet. Det krev mykje av oss. Dette er ei stor reform på landsbasis, seier Nordstrand.

Ei tilknytt utfordring er gjevartenesta for ein barne- og ungdomsarbeidar. Kyrkja har lyst ut stillinga, men enno har ingen meldt si interesse. Diakoniplan, blant anna med besøksteneste, er viktig å vidareføra. Det er også svært viktig å ha eit oppegåande kyrkjeblad der kyrkja når ut med informasjon til innbyggjarane, eit arbeid som er i godt gjenge.

Det Nordstrand kallar utvortes arbeid, er vedlikehald av kyrkjene. Her er det laga ein plan for kva som trengst, og kyrkja er i god dialog med kommunen som er ansvarleg vedlikehaldet.

 

 

Det nye soknerådet

 

Medlemmar:

Per Henning Nordstrand

Karen Kvinge

Inge Halstensen

Hans Reidar Njåstad

Knut Inge Østervold

Anders Arve Kalve

Audun Instefjord

Hilde Elisabeth Økland

Eivind Hatlevik

Øystein Rabben

 

Varamedlemer:

Torill Waage Aarland

Målfrid Bjånesøy

Kjerstin H. Nordstrand

Arne Kalve Klepsvik

Hans Magnus Drønen