sep 292011
 

Fleire naustområde, deriblant i Gilsvågen, blir sjekka ut av Austevoll kommune etter tips om anna bruk enn godkjent.

 

Gilsvågen, med nausta i bakgrunnen, er eitt av utgangspunkta for at Austevoll kommune no undersøkjer om sjøhusa er ulovleg innreia. Saka inkluderer ikkje hyttene i forgrunnen, der det er regulert til næring.

Nærare 20 naust som vert påstått brukt som hytter vert i desse dagar undersøkt av Austevoll kommune. Bakgrunnen er tips frå publikum. Nokre går på generelle område, andre namngitte personar. Rådmann Rolf Nøstdal seier at kommunen har sendt brev til innehavarane, der dei ber dei gjera greie for om bruken i samsvar med bruksløyve, det vil sei at ein har innreia eit naust med toalett og høve til overnatting, slik at det vert ein fritidsbustad.

– Me reknar med at eigarane er sannferdige, men vil truleg dra på synfaring. Me har òg bede Fylkesmannen i Hordaland om rettsleg assistanse, slik at me han vurdera den vidare handsaminga i sakene, seier rådmann Rolf Nøstdal. Han seier at Gilsvågen ved Blænes og Austre Storebøvåg er områda som er i søkelyset, men vil ikkje avfeia moglegheitene for at det er brot på bruksløyve i naust i andre delar av øykommunen òg. Nokon offensiv mot hytter i naust, kjem så langt ikkje på tale frå Austevoll si side.

– Nei, me sjekkar berre ut saker der det er kome direkte tips frå publikum. Sist dette skjedde, undersøkte me saka, og konkluderte med at noko lovbrot ikkje hadde funne stad, seier Nøstdal, som no har nærmare 20 konkrete saker å finna ut av.

I saka om Gilsvågen har ei rekkje fastbuande på Blænes protestert overfor kommunen om planlagt omregulering av området nordvest i vågen frå naust- til næringsområde, slik det vert lagt opp til i forslag til rullering av kommuneplanen, samstundes som dei ber kommunen om å konkretisera kva dei gjer med ulovleg innreiing av naust.

 

Driv ikkje etterforsking

Ordførar Helge André Njåstad (Frp) seier at kommunen ikkje ynskjer å driva direkte etterforsking av eigne innbyggjarar utan at det vert gitt tips på førehand.

– Både tips og telefonar vert sjølvsagt journalførte, men sender ein inn anonyme tips, vert desse teke like seriøst som dei med fast mottakar, seier Njåstad. I tilfellet Gilsvågen meiner Njåstad at vegen vidare enten er å tilbakeføra bruken til den det opphaveleg er gitt løyve til, eller å gjera den ulovlege bruken lovleg.

Njåstad tilbakeviser at kommunen lukkar augo til ulovleg bruk av naust som dei kjenner til.

– Dessutan har kommunar som har vore overivrige i slike kontrollar ikkje kome spesielt heldig ut av det, slår Njåstad fast.

Avdelingsdirektør Else-Kristin Foss Vikenes hos Fylkesmannen i Hordaland fortel at det er vanleg praksis å be innehavar om å gjere greie for endra bruk eller endringar på bygninga, gjerne etterfølgd av pålegg om retting innan ein frist, og med trussel om tvangsmulkt inntil rettinga er gjennomført.

– Det er òg mogleg for eigarane av slike naust, å søkje om å få bruksendring eller godkjenning for tiltaket, men dei må vera budde på at kan bli avslag. Dersom bruken eller tiltaket strid mot lova eller det eigedomen er regulert til, er det ikkje kurant å få løyve, slår Vikenes fast.

Av Trond Hagenes