sep 302011
 

Helge André Njåstad vil gjerne bli samferdsleminister, seier han til Ukeavisen Ledelse, men utan statsrådmakt er han ikkje like gira på Oslo, forklarar han tiul Marsteinen.

Helge André Njåstad avslører i intervju med Ukeavisen Ledelse dei politiske måla sine for framtida. Statsråd står øvst på lista.

Austevollingar vil rynka på bryna når Ukeavisen Ledelse slår fast at Helge André Njåstad ved stortingsvalet om to år reknar med å få ein av dei øvste plassane på Frp-lista i Hordaland. Ordføraren og framstegspartimannen har tidlegare dementert at han har slike kortsiktige ambisjonar.

– Akkurat dette er journalisten sine spekulasjonar. Eg har heilt klårt statsrådambisjonar, men er skeptisk til å sitja på Stortinget viss det er i opposisjon. Då er det langt betre å vera ordførar i Austevoll, seier Njåstad.

Framstegspartiet sitt beste kort på øyane understrekar at han ikkje har planar om å gå frå bordet etter berre to nye år i ordførarstolen.

– Fokuset mitt er framleis å gje 100 prosent i fire nye år for Austevoll, melder Helge André Njåstad.