sep 302011
 

AIK og Stig Storebø har eitt krystallklårt utgangspunkt før kampen mot nedrykksrival Pors Grenland på sundag – dei må vinna.

Inge André Rabben vert etter alt å dømma klar til nedrykksbataljen mot Pors. (Arkivfoto)

 

– Inge André Rabben såg bra ut på trening midt i veka, og elles manglar me berre Brede Storebø (skade/ferie) og Harald Østervold (fiskeri), seier AIK-trenar Stig Storebø. Han melder om høg moral i leiren, og tru på at dei relativt svake bortelaget Pors (berre to poeng så langt på framant gras) skal slåast.

– Me kjem til å gje alt, og eg håpar det kjem masse folk og heiasr oss fram. Det har me trong for, seier AIK-trenaren til Marsteinen.