okt 022011
 

Med strålande Frode Storebø og Tord Harald Skår i brodden, nedsabla Austevoll i dag Pors med heile 5-0.

Frode Storebø legg klart til Trond Heggestad, som berre trengde eitt touch for å laga 2-0.

AIk vart heilt utan samanlikning det beste laget på Eidsbøen i dasg. Rett nok yppa Pors seg i dei fyrste ti minuttane, men det var heilt rettferdig då ein av kampen store spelarar Tord Harald Skår kunne setta 1-0 etter ypparleg forarbeid av Kurt Hovland.

Etter pause startya heimelaget eit stormlaup mot Pors-målet og gav seg ikkje før Trond Heggestad putta 5-0 på straffe etter 75 minutt.

Dermed er det enno håp om fornya kontrakt i andredivisjon!

Meir om AIK sin målfest finn du sjølvsagt i avisa på torsdag!

AIK – Pors 5-0

Mål: 1-0 Tord Harald Skår 28, 2-0Trond Heggetad (50), 3-0 Frode Storebø (56), 4-0 Tord Harald Skår (69), 5-0 Trond Heggestad (straffe 75)

AIKs lag (4-4-1-1): Daniel Aga – Øystein Storebø, Alexander Dale, Andreas Risøy, Henrik Melingen – Frode Storebø (Christian Møgster 70), Kurt Hovland, Inge André Rabben (Adrian Hovland 76), Joakim Melingen (Stian Dalseide 85) – Tord Harald Skår – Trond Heggestad