okt 062011
 


Bulyst ynskjer saman med Liv og lyst å lyfta opp og fram lokale matvareprodusentar.

Kortreist mat og nisjeprodukt vert meir og meir aktuelt, òg i distrikta. Austevoll er kjend for fisken og villsauen, men kor i kommunen kan den alminnelege mann få kjøpt produkt av desse råvarene?
– Me ynskjer at lokale matvareprodusentar kan utvikla seg meir i forhold til trivsel og reiseliv, seier ordførar Helge André Njåstad.

– Enormt potensiale
Neste helg vert den årlege Hardanger matkulturfestival arrangert i Eidfjord. Bjørn Wefring og ordførar Njåstad vonar at austevollingar som brygger på ein idé, kan reisa inn til Hardanger og verta vidare inspirerte.
– Eg var på festivalen i fjor, og vart veldig stimulert. Mange av dei som er der, har sjølv byrja frå grunnen av. Dette er eit utmerkt forum for å sjå moglegheiter, seier Liv og lyst-representant Wefring. På Jæren har dei Jærosten, i Grimstad lagar dei ølet Nøgne Ø og sideren frå Hardanger har òg nådd hyllene i Vinmonopolet.
– Det er eit enormt potensiale også i Austevoll. Me har ikkje berre fisk og kjøt, men òg lange tradisjonar med lefsebaking. Folk må få kjøpa matvarer frå kommunen, og det er noko me vil hjelpa til med, seier ordføraren.
Med stønadsordningar gjennom mellom anna Innovasjon Noreg, Samarbeidsrådet i Sunnhordland og Fylkesmannen si landbruksavdeling, kan ein idé utvikla seg til å verta ei lita næringsverksemd.
– Dersom nokon ber på ein entreprenør innan matvareproduksjon, ynskjer me dei tek kontakt med oss, så skal me vera medhjelpelege i vidare søkjeprosess, seier Bjørn Wefring.

May Linn Clement