okt 062011
 


Austevoll Eiendom AS byggjer for tida ut Alfa-bygget på Storebø. Tilbygget vert over to etasjar på om lag 800 kvadratmeter per plan, og skal i all hovudsak innehalda nye kontor til den stadig veksande arbeidsstaben.
– Me reknar med at tilbygget er tett rundt juletider, men kan enno ikkje seia når kontora er ferdig innreia og klare til bruk, seier Britt Kathrine Drivenes, finansdirektør i Austevoll Seafood ASA som eig Austevoll Eiendom AS.
Det er Plan Consult AS som har teikna heile kontorsenteret, også det nye tilbygget.