okt 082011
 

AIK sitt håp om å fornya kontrakten i 2.divisjon heng i eit tynt snøre etter at dei tapte 4-0 borte mot Vidar i ein kamp som var prega av ein særs dårleg bane.

Kurt Hovland og AIK hadde ikkje dagen på Lassa-åkeren.

Med ein sekstenmeter som minna meir om kvikksand enn ein grasplen og liknande tilhøve spreidd rundt på banen, var det berre nokre få tilløp til fotballspel på Lassa gras. I staden vart det duellering og kjemping, noko Vidar takla betre enn eit tafatt Austevoll-lag. Med fire baklengs og null poeng må oransjetrøyene vinne sine to siste kampar for i heile tatt ha ein teoretisk sjanse for å unngå nedrykk.

 

Vidar FK – Austevoll 4-0 (2-0)

Mål: 1-0 Carl-Henrik Refvik (16 min), 2-0 Kent Smith (18), 3-0 Mads Bøgild (65), 4-0 Kristian Tande Klepaker (90)

Gule kort: Kent Smidt, Vidar, Joakim Melingen og Øystein Storebø, AIK

AIKs lag: Harald Østervold – Øystein Storebø, Alexander Dale, Andreas Risøy (Brede Storebø frå 53), Edvard Hevrøy (Håvard Vassnes 45) – Frode Storebø, Inge Andre Rabben, Kurt Hovland, Joakim Melingen (Christian Møgster 64) – Tord Harald Skår – Trond Heggestad

  2 Responses to “Mot nedrykk”

  1. Herlig med Austevoll-nedrykk!! Skandaledårlige!!

    • Vil no berre påpeike at aik berre tapte 2-3 sist kamp, so då må Vidar ha ein dårleg fotballbane, i tillegg til å ikkje vera nåke spesielt betre enn aik…