okt 102011
 

"Rygervakt" vart sjøsett i førre veke og vert no testa og sertefisert. Foto: L. Rødne &Sønner AS.

Den nye ambulansekatamaranen til Austevoll er sjøsett i Hyen, og vil dei neste dagane gjennomgå ei rekkje testar og sertefiseringar før han vert overlevert reiarlaget L Rødne og sønner AS.

– Me vonar at «Rygervakt» er klar i løpet av oktober, seier dagleg leiar Lars Rødne i reiarlaget til Marsteinen.