okt 132011
 


Skattekontoret i Austevoll står i fare for å bli nedlagd. Ordførar Helge André Njåstad håpar ikkje det skjer.

I fjor fekk Skattedirektoratet fullmakt frå regjeringa til å leggja ned skattekontora med mindre enn fem tilsette, noko som betyr 126 kontor i heile landet. Austevoll skattekontor er med sine tre tilsette, eit av desse. Før sommaren vart 48 av kontora nedlagde.

Ikkje gunstig
Ordførar Helge André Njåstad (Frp) likar ikkje at skattekontoret i Austevoll er blant dei som står i faresona for å måtta stengja dørene.
– Sterkast ville det gått ut over dei som har behov for personleg oppmøte. Å måtta reisa til næraste skattekontor er ikkje gunstig for folk i Austevoll, som då uansett må ta ferje, seier Njåstad til Marsteinen. Å mista arbeidsplassar skattekontoret gjev i kommunen, er òg svært negativt meiner ordføraren.
Tidlegare likningssjef i Austevoll kommune, Terje Jarnes, synest utviklinga er lei. Han meiner nærleik gjennom lokalkontor, er viktig for både skatteytar og sakshandsamarar.
– Det er ein uting at alt skal gå over data og telefon. Ein vert sett over til nokon langt vekke, som igjen set deg over til ein sakshandsamar utan sjel. Det bør vera eit tilbod om skattekontor lokalt, seier Jarnes.
Problemstillinga rundt mogleg nedlegging har tidlegare vorte drøfta i kommunestyret, og i eit møte med regionsdirektøren i Skatt vest, har kommuneleiinga ytra ynskje om å få behalda kontoret. Ynsket vert sendt vidare til Skattedirektoratet, som sit på fullmakta for nedlegging.

Ingen oppseiingar
I fullmakta ligg det ulike føringar frå regjeringa. Mellom anna skal ingen av dei tilsette seiast opp, men få tilbod om arbeid ved eit anna kontor i regionen. Skatteetaten skal òg utarbeida ein plan for kvart enkelt kontor, der dei tek omsyn til situasjonen og ynskja til kvar av dei tilsette. Det er også eit poeng at nedleggingane ikkje skal føra til sentralisering i dei største byane, skriv statssekretær Roger Schjerva i fullmakta, som i sin heilskap ligg på regjeringa si heimeside.

MLC