okt 152011
 

Joakim Melingen kriga inn 3-3 med rein tæl og vilje. Men det vart altså for lite for AIK.

Austevoll rykka i dag ned frå andredivisjon, trass 3-3 mot topplaget Vard Haugesund. Med ein supereffektiv Trond Heggestad i brodden, leia dei oransje 2-0 til pause. Ein lårskade tvinga midtstoppar Alexander Dale ut kort tid etter pause, og utan forsvarsbautaen gjekk deg gale for AIK, som brått låg under 2-3. Trass i at Joakim Melingen utlikna dryge ti minutt før slutt, heldt ikkje uavgjort til fornya konkrakt for dei oransje.

Andre resultat gjekk òg mot dei oransje i dag, så nedrykket ville uansett ha blitt eit faktum. Viking spelte 2-2 mot Mandalskameratane, noko som hadde vore nok til å senda AIK ned, sjølv med AIK-siger.

  One Response to “Ikkje godt nok”

  1. Herlig!!!
    Endelig kvitt dette møkkalaget i divisjonen vår!!