okt 212011
 

Når kommunen ikkje sjekkar om bruk av naust er korrekt, kan dette pressa opp prisane på nausttomtar.

 

I Gilsvågen er det rapportert om ulovleg bruk av naust til overnatting. Det kan pressa opp prisane for dei som faktisk vil ha eit naust i meir klassisk tyding av ordet.

Pål Huun Monsen, fagansvarleg i Eiendomsmegler Vest, meiner at prisane for nausttomtar vert pressa opp dersom ein kommune ikkje kontrollerer bruken av sjøhusa.

– Det vil vera feil å seia at manglande kontroll ikkje er med å pressa opp prisane. Mange vil nok ta sjansen og ta i bruk eit naust til meir enn dei har lov til, men prisen vert neppe like høg som om området faktisk hadde vore regulert til rorbu.

Ordførar Helge André Njåstad (Frp) er uroa over at yngre austevollingar kan verta prisa bort frå nausttomtar, men synest likevel at naustdefinisjonen som styresmaktene nyttar er for smal.

– Austevollingar har kanskje ikkje bruk for hytte ved sjøen, men eit naust bør vera meir enn eit tomt skur der ein har båten sin, slår Helge André Njåstad fast. Han vil likevel ikkje bruka kommunale kroner til å driva stikkontrollar i naust langs austevollskjergarden.

– Det er ingen som har teke til orde for ein slik praksis, og plan- og byggeavdelinga vår har hendene fulle nok slik som det er.

 

Offensiv i sør

At nabokommunane i sør, Fitjar, Tysnes og Bømlo skal gjennomføra ein offensiv i strandsona, der Fylkesmannen i Hordaland betalar ein million i tilskot, er registert av Austevoll.

– Me har ikkje hatt noko ynskje om å kopla oss på prosjektet, seier Helge André Njåstad, som meiner at det politiske nivået i Austevoll kommune har teke fatt i problemstilling gjennom kommuneplanrulleringa.

I Fitjar hadde kommunen lenge liknande innstilling til bygging i strandsona som her i nord. Det var inntil Fylkesmannen i samarbeid med andre statlege instansar gjekk til aksjon. Avtroppa KrF-ordførar Harald Rydland seier at kommunen ikkje har klart å fylgja opp lovbrota godt nok, men at dei verste vart melde til politiet. Dette var grove overtramp som irreversible inngrep i naturen utan byggjeløyve og reising av ulike bygg i landskapsverneområdet i Fitjarøyane utan godkjenning.

– Me tek no tak i dei mindre alvorlege sakene etter prosjektet med Fylkesmannen og dei andre kommunane er i gang. Noko av det verste med problemstillinga synest eg er signala til dei som opptrer innanfor lova sine rammer, og vert vitne til at naboane får det som dei vil gjennom å gjera ulovlege tiltak eller meir enn dei har fått lov til, avsluttar Rydland som troppa av som fitjarordførar onsdag denne veka.

  One Response to “Fullversjon: Ulovleg bruk kan pressa opp prisane”

  1. Ikkje kjekt å få mitt eige LOVLEGE naust på trykk i avisa! Eit av dei få som ikkje er innreia på nokon måte, men eit NAUST!