okt 272011
 

Doktor Sverre Rørtveit har hanka inn endå ein høgthengjande pris i medisinarkrinsar. Rørande, synest hovudpersonen sjølv.

Kommunelege dr. Sverre Rørtveit. Arkivfoto: Trond Hagenes

– Det var veldig kjekt å motta prisen. Det vert lagt vekt på langvarig innsats for pasientane i kommunen, og forsking innanfor dei områda eg har interessert meg spesielt for: Akuttmedisin og infeksjonsforsking. Det gjorde alt særs rørande at eg vart samanlikna med Forsdahl, seier Rørtveit til Marsteinen. Anders Forsdahl er vidgjeten i medisinske krinsar, mellom anna grunna Forsdahl-Barker-hypotesa, som peika på at eit barns vilkår i mors liv og tidlege fase, har særs mykje å seia for helse langt seinare i livet.