okt 272011
 

Anette Horne Tøkje og Målfrid Bjånesøy synest ikkje noko om at arbeidsplassen deira vert nedlagd.

 

Tysdag kom meldinga frå Skatt vest om at skattekontoret i Austevoll skal leggjast ned. Frå og med 31. desember 2012 må austevollingar med behov for personleg oppmøte på skattekontoret, reisa ut frå kommunen.

– Det er trist, og me føler ikkje at argumenta våre for å behalda kontoret er vorte høyrt på, seier Målfrid Bjånesøy og Anette Horne Tøkje ved Austevoll skattekontor.

 

Paradoksalt

Skattedirektoratet fekk i fjor fullmakt frå regjeringa til å legga ned alle kontor i Noreg med mindre enn fem tilsette. På landsbasis vert 103 av 118 vurderte kontor nedlagd. Tysdag kom brevet om at kontoret i Austevoll er blant desse.

– Eg trudde faktisk at Austevoll, som er avhengig av ferje, er ein distriktskommune i vekst og med eit så stort næringsliv, skulle bli spart, seier Målfrid Bjånesøy, som har arbeidd ved kontoret i over tretti år. Anette H. Tøkje er einig.

– Eg føler det er paradoksalt å leggja ned kontoret i ein kommune som har ei slik vekst på fleire område, seier ho.

Sjølv om meir og meir arbeid kan gjerast av brukarane sjølve over internett, er det framleis mange som nyttar det lokale skattekontoret. Mellom anna dei utanlandske arbeidarane, som det er mange av i Austevoll, er ei gruppe som ofte treng personleg vegleiing.

– Fleire kan ikkje norsk og knapt engelsk. Når dei til dømes får brev frå Skatteetaten som dei ikkje forstår noko som helst av, kjem dei til oss i arbeidspausane, og me hjelper dei å tyda innhaldet. Det er for gale at dei skal måtta bruka ein heil arbeidsdag på å reisa vekk for noko så enkelt, meiner Målfrid.

 

Uviss arbeidsframtid

I alt er dei tre tilsette ved kontoret på Storebø, og i brevet frå tysdag står det at ingen vert sagt opp som fylgje av nedlegginga. Korleis arbeidet for dei tilsette vert etter 31. desember 2012, skal seinare diskuterast saman med Skatteetaten.

– Eg håpar at me kan nytta kontora me har i dag og arbeida over nettet. Samstundes vert det rart å sitja her utan å ha opne dører for brukarane, seier Målfrid, som slett ikkje synest det freistar å gå frå å ha fem minuttar gange til arbeidsplassen til å bruka over tre timar i pendling. For Anette, som er barn i skulealder, og også pendling ikkje ynskjeleg.

Ordførar Helge André Njåstad (Frp) synest beskjeden om nedlegginga er trist.

– Me har gjeve uttrykk for synet vårt og ynskja våre overfor regionsdirektøren i Skatt vest, og liker ikkje at kontoret i Austevoll vert stengd, seier han til Marsteinen.