okt 312011
 

Framstegspartiets partileiar Siv Jensen vitjar i dag Austevoll. Fokus for besøket er fiskeri- og havbruksnæringa og deltaking på Austevoll Frp sitt årsmøte. Det vanka sjølvsagt ros til det lokale politiske arbeidet.

Austevoll er ein liten kommune, men like fullt eit utstillingsvindauga for Framstegspartiet og Siv Jensen, som mellom anna var på synfaring på ambulansestasjonen på Storholmen.

– Eg er veldig, veldig stolt over det partiet har fått til i Austevoll. Valresultatet reflekterer den gode jobben Helge André og partikollegane har lagt ned kvar einaste dag, sa Siv Jensen til lokalavisa.

Les heile intervjuet på papir torsdag.