nov 032011
 

Ordførar Helge André Njåstad var ikkje snauare enn at han klatra til topps på eitt av husa under gårsdagens kranselag på Møkster. Foto: Mona Mørk.

Takverket er for lengst på plass på dei to nye husa på Møkster. I går heldt byggherre Austevoll kommune kranselag for arbeidarane.

Entreprenør Ready, representantar frå Austevoll bygg, Møkster bu og kommunen feira i går at dei to utleigehusa på Møkster nærmar seg ferdige. Til jul kan den fyrste familien, som har budd på øya sidan i sommar, flytta inn i nyehuset. I januar står hus nummer to klart, og neste familie kjem på plass.

Ideelt samarbeid
Mona Mørk frå Møkster bu, som skal drifta dei nye husa, meiner kranselaget er ei viktig markering i prosessen som snart står med to ferdige resultat.
– Me nærmar oss verkelegheita. Det har vore 2,5 år med planlegging, søknadar, telefonar, mykje papirarbeid og godkjenningar, og no er me i det siste leddet, seier ho til Marsteinen.
Mørk synest samarbeidet mellom det lokale initiativet og politikarane og administrasjonen ved Austevoll kommune, er ideelt.
– Kommunen har vore positive frå fyrste stund, og viste tidleg at dei er interesserte i tilflytting til distriktet, seier Mørk.
Tilflyttingsprosjektet på Møkster har fått enorm mediemerksemd sidan i vår, og i alt har om lag 35 barnefamiliar vist interesse for å flytta ut til øya.

MLC