nov 102011
 


Laurdag er den store dagen for Harald Knut Møgster og resten av reiarlaget bak «Abelone Møgster», døypt opp etter jernkvinna som overlevde konsentrasjonsleirane.

Som andre i ei lita bylgje nye fiskebåtar til Austevoll, vert Harald Knut Møgster sin nye kystbåt «Abelone Møgster» døypt ved Larsnes mekaniske verksted nær Ålesund på laurdag. Gudmor vert Hilde Kristin Møgster, reiaren si eldstedotter.
– Me stiller store krav til båten, men har ein god del sommarfuglar i magen, seier reiar Harald Knut til Marsteinen. Sjølv om båten hans strengt teke er ein kystbåt, er det i grunnen få skilnadar til ringnót.
– Det er berre namnet som er ulikt. Ein stor kystbåt og ein liten ringnótar er det knapt mogleg å sjå skilnad på, seier reiaren som har utstyrt messa med sandblåst motiv av Abelone Møgster frå konsentrasjonsleiren. Den legendariske kystkvinna er foreviga av lokalkunstnar Solveig Kalvenes.
Etter tekniske prøvar kjem nyebåten til kolbeinsvikreiarlaget sjølvsagt heim på visning.

TrH