nov 172011
 


«Rygervakt», Austevoll sin nye ambulansebåt var i går innom øyane. Katamaranen var på veg til Stavanger og reiarlaget L. Rødne og sønner.

I går gjesta «Rygervakt» Storholmen og Storebø. Etter ein kort tur til Stavanger kjem båten attende til Austevoll i kveld eller på fredag.
– No skal mannskapa våre gjera seg skikkeleg kjende med nyebåten i eit par-tre veker, så kjem han i regulær drift, og blir verande i fleire år, seier dagleg leiar Lars Rødne i reiarlaget til Marsteinen.
Representantane frå Austevoll kommune let vel om nybåten, og mannskapet tok ein ekstra runde i Hundvåkosen med lokalavisa. Også vordande skipper om bord, Johnny Horgen, let vel.
– Dette er eit stort steg i kvalitetsstigen. Båten går mellom anna langt mjukare i sjøen, sa Horgen på sitt typisk joviale vis.

TrH