nov 242011
 

Ingen klarte å gjera «Gerda Marie» rangen stridig i å vera Austevoll sine hestmakrellkongar. Rein flaks, meiner skipper Stein Magnar Melingen.

 

Hestmakrellen er attraktiv fangst for ringnótbåtane.

Teoriane er mange. Fisket er umogleg å spå på førehand. Og ikkje minst er hestmakrellen friteken for kvotar, og er såleis rein netto for dei som er dyktige og/eller heldige og får nóta si rundt ein dott og snurpa henne saman før gullet forsvinn. Ei oversikt viser at «Gerda Marie» er det fartøyet som har hatt mest lukke med seg på feltet i år. For det er akkurat dét skipper på Gerdo meiner er grunnen til at fartøyet hans har fått mest fisk.

– Det er reint tilfeldig. Totalkvantumet er dessutan så lite at det berre er eitt godt kast som skil oss frå dei under oss på lista, seier den unge skipperen frå Hundvåkøy. Sjølv trur Melingen at havtemperaturen er avgjerande for om det vert gode forhold for hestmakrellfiskeria. Det spesielle i år er et fisken trekte langt mot sør, og dei kunne kasta på 30 meters djup heilt nede på Doggerbank.

– Det vert ofte bomkast på hestmakrellen, som har ei utprega evne til å symje djupare før me snurpar nota kring han. Lukkelegvis klarar han ikkje det på 30 meter, seier Melingen. Ei standardnót er til samanlikning om lag 260 meter djup.

Med 1 113 tonn hestmakrell utgjer verdien av fangsten til «Gerda Marie» om lag 10 millionar kroner.

 

Eigne vegar

«Ordinat» hamna på ein fin tredjeplass av austevollbåtane. Skipper Thore Arild Økland er glad for fangsten med årets hestmakrellfiskeri.

– Me bestemde oss tidleg for å gå eigne vegar, og har brukt mykje olje på leitinga. Etter trått fiskeri den fyrste veka, ordna det seg. Å fiska på grunt vatn har me heller ikkje vore redde for. Så grunt som 30 meter fiska med på einskilde gongar, men utan å gjera så mykje som ein einaste skade. Samla sett er med veldig godt nøgde, seier «Ordinat»-skipperen til Marsteinen. 5,7 millionar kroner er ekstrainntektene Økland og mannskapet hans har til å glisa over.

 

Beste austevollbåtar på hestmakrellen, fangstvolum over 100 tonn

1. Gerda Marie 1113

2. H. Østervold 740

3. Ordinat 705

4. Haugagut 635

5. Knester 590

6. Hardhaus 578

7. Østerbris 515

7. Vendla 515

9. Storeknut 465

10. Talbor 430

11. Austerfjord 420

12. Manon 370

13. Birkeland 343

14. Harvest 320

15. Slaatterøy 225

16. Morten Einar 220

17. Østranger 160

18. Staaløy 130

19. Nordervon 125