nov 242011
 

Fleirtalet i kommuenstyret vil konkurranseutsetta pleie- og omsorgssektoren allereie i 2012. I budsjetthandsaminga i dag la både Framstegspartiet og Høgre fram eigne frittståande budsjett med endringar frå rådmannens tilråding. Berre Arbeidarpartiets representant Ingrid Møgster uttrykte fundamental skepsis til grepet, medan Høgre sitt forslag om å konsekvensutgreia tiltaket heller ikkje sanka fleirtal.

Framstegspartiet med stemmene til Krf og SP på slep reduserer eigedomsskatten med 0,5 promille på alle eigedommar, og var samd med Arbeidarpartiet om å innføra prøveprosjekt på barne- og undomsarbeidar med 100.000 og etterutdanning av lærarar på 195 000 kroner.

På investeringsbudsjettet har Frp funne plass til å støtta motocrossbane med 800 000, og går for å investera 3,3 millionar kroner i kykjene gjennom eit såkalla tilstandsaukeprosjekt.