des 052011
 

Frank Nilsen og Håkon Nyheim har saman med resten av kraftlaget arbeidd på spreng med å finna feilen og retta han. Her kjem dei attende frå brotstaden etter å ha kopla på ein endå eldre sjøkabel i von om å forsyna dei ytre øyane med straum.

Den 40-årgamle kabelen som forsyner Hevrøy, Litlakalsøy og Møkster med straum er øydelagt. I natt vart òg aggregatet som forsyner Møkster med straum borte.

Administerande direktør i Austevoll kraftlag, Geir Bergflødt, forklarar at selskapet arbeider på spreng for å få tak i endå eit kraftig dieselaggregat som kan drifta dei minste øyane, som no er utan fast straumforsyning.
– Me har delt vernebuing med dei andre kraftselskapa i området, og ser mellom anna på om me kan låna eit nytt aggregat som står på Midtfjellet i Fitjar. Viss det går i boks, vil me forsøkja å få det flydd inn til Møkster, seier Bergflødt til Marsteinen. Aggregatet kraftlaget allereie hadde plassert ut, falt ut av drift i går kveld. Kraftlaget meiner det truleg er snakk om tette dieselfilter, som dei får skifta ut i løpet av føremiddagen måndag.

Kabelen til høgre er over 40 år gamal, og brot tverrs av i helga. Til venstre er ein endå eldre kabel som det vert arbeidd med å sjå om kan forsyna øyane med straum.

Gamal kabel
Kabelen som i utgangspunktet syter for levering av straum til dei mindre øyane ute i havgapet er 40 år gamal, og brekte tvert av ved Kvalvågen. Nedanfor stuper fjellet 140 meter ned på havsbotnen.
– I realiteten har me liten sjans til å leita opp kabelen igjen, sjølv med dykkarar, seier Bergflødt, som no forserer planar kraftlaget har hatt om å oppdatera kablar ut til småøyane. Samstundes som kabel vert strekt mellom Stolmen og Hevrøy, vil kabel òg verta lagt mellom Hevrøy og Litlakalsøy. Kabelstrekket mellom Litlakalsøy og Møkster er deimot ganske nytt.
– Me bør nok leggja to parallelle straumkablar og fiber ut når me fyrst har dette arbeidet i gang, seier Bergflødt. Når dette kan koma i gang,kan ikkje kraftlaget seia, men i utgangspunktet var det snakk om mogleg gjennomføring i 2012, grunna gunstigare kompensasjonsordningar for nettinvesteringar.
– Etter det som er skjedd, må me forsera arbeidet, melder kraftlagssjefen.

Denne SMS-en vart sendt ut til abonnentane på dei råka øyane måndag ettermiddag: Aggregatet som forsyner Møgster er nå i drift igjen.

Nytt aggregat er på vei. Dette vil forsyne Litla Kalsøy og Hevrøy. Med dette vil stabilitet bli bedret. Viktig at samtlige begrenser forbruk. Dette sikrer stabil drift og forhindrer nytt utfall. Ny sjøkabel er i bestilling. Vi beklager ulempene kabelbruddet har medført, men vi gjør alt vi kan for å begrense konsekvensene og raskest mulig komme i en normal driftssituasjon.

Av Trond Hagenes, Marsteinen