des 122011
 

Klokka 07.25 var brannen under kontroll, men enno ikkje slokna.

Det var full brann i den gamle delen ved Austevoll vidaregåande skule i dag tidleg. Brannen starta like før klokka 04.30, og vart meld slokna klokka 08.
Det såkalla tårnet ved bygningen har fått store skadar i brannen, som lukkelegvis ikkje spreidde seg til resten av skulen.

Brannsjef John Levi Weløy bur ikkje langt unna skulen, og var fyrste mann på plass etter meldinga kom inn kl 04.30 i natt.

– Eg såg med det same at det brann i øvste del av tårnet. Takkonstruksjonane her, som er vanskelege å ta seg fram i, brann intenst, og var ei stor utfordring under slokningsarbeidet, seier brannsjefen til Marsteinen.

Mykje kostbart navigasjonsutstyr er totalt øydelagt i brannen.