des 212011
 

Austevoll motorsportklubb får 800 000 kroner av det kommunale investeringsbudsjettet i 2012. No ventar dei berre på at entreprenøren vert ledig.

– Dette betyr kjempemasse for klubben, seier leiar Mai Britt Østervold til Marsteinen. I nærare to år har manglande midlar vore det einaste som stogga bygginga av den 465 meter lange motocrossbanen på Eidsbøen. No når pengane er på plass, er neste steget å få opp banen. Det er Ready maskin som har fått entreprenøroppdraget.

– Eg håpar det ikkje går så langt inn i nyåret før dei er klare til å byrja, seier Mai Britt nøgd.

 

Auka trivsel

Austevoll kommune har vore positive til prosjektet heilt sidan planlegginga starta i 2009. Ved kommunestyremøtet 16. februar i fjor, vedtok dei å la motorsportklubben nytta det om lag åtte mål store området ved idrettsbanen på Eidsbøen. 12. desember i år vart det også klart at klubben og banen er det einaste aktivitetstilbodet retta mot ungdom som får midlar frå investeringsbudsjettet til Austevoll kommune for 2012.

– Me treng eit breiare fritidstilbod til ungdommen for at Austevoll skal bli ein meir attraktiv plass for folk å busetja seg og flytta tilbake til. Me må oppretthalda og få fleire trivselstiltak for ungdom, seier ordførar Helge André Njåstad (Frp), som meiner kommunen framleis har ein lang veg å gå. Han vonar motocrossbanen kan vera eit tilbod til ungdom – og ungdomslege vaksne – som ikkje interesserar seg for dei tradisjonelle idrettane.

 

Nytt utstyr

Utover bygging av motocrossbanen, ynskjer Austevoll motorsportklubb å bruka det kommunale tilskotet på innkjøp av ei par motocrossyklar i ulike storleikar og fullt sikringsutstyr.

– Når me skal rekruttera ungdommar, er det bra å kunna tilby utleige av utstyr i staden for at folk må gå til innkjøp av eige med det same, seier klubbleiar Mai Britt.

Motorsportklubben har også fått inn ein del sponsormidlar, og har avtalar med fleire som vil bidra når prosjektet er i gang.