jan 052012
 

I juletida herja Dagmar langs Noregs kyst. Det var ikkje Austevoll sin tur denne gongen. Heldigvis. Men kva skjer dersom uværet skulle ramma øysamfunnet for fullt?

 

Alf Magne Dale meiner at Austevoll kraftlag har god dog vernebuing i fal straumutfall.

 

Administrerande direktør Geir Bergflødt og driftansvarleg Alf Magne Dale er begge samde i at Austevoll kraftlag er godt skodd for uver. Kraftlaget har årlege synfaringar på høgspentlinene, medan lavspentlinene blir sjekka kvart femte år.

Berit sitt temperament fekk nokon austevollingar kjenna godt på kroppen kort tid tilbake. Medan Dagmar såg ut til å vera nøgd med kraftig vind og bylgjer i Austevoll, vart nærmare 5000 husstandar i Noreg utan straum etter det kraftige uvêret.

 

Auka stabilitet

Men tro det eller ei; ifylgje statistikkar har stabiliteten i strømnettet aldri vore betre på landsbasis. Situasjonen på Møkster i desember vitna om det motsette, men då var det riktig nok ein relativt liten del av befolkninga som vart ramma av straumbrot. Alf Magne Dale har jobba i kraftlaget i 28 år, og har berre sett likande brot to-tre gongar tidlegare.

– Me har 65 år med røynsle, og har enno ikkje møtt eit problem me ikkje har vore i stand til å meistra, seier administrerande direktør Geir Bergflødt.

– Men ein er jo aldri garantert for ekstremvêr, uansett kor mykje røynsle me har, legg Dale til.

Kraftlaget jobbar stadig med risikoanalysar, kompetansesjekk, kvalitetssikring av nettet og analyse av moglege farar.

– Me har beredskapsplanane klare året rundt 24 timar i døgnet, seier dei.

Noregs vassdrags- og energidirektorat gjev kraftlaget konsesjon og fører streng kontroll på regelverk, økonomi, beredskap og sikkerheit. Alt skulle ligga til rette om eit uver skulle komma.

 

Englar i natta

Moder natur er ikkje nådig når den står på som verst. Velta tre over strømlinjer er berre eit av dei mange problema som dukkar opp. Mange lurer kanskje på om Austevoll kan bli svartlagt som fylgje av uver. Men med to tilførselsliner til øykommunen heilt uavhengige av kvarandre er det liten sjanse for at alt blir mørklagt samstundes. Om lag 80 prosent av kommunen har rundkjøring på høgspentnettet, det vil si at det går linjer i begge retningar.

– Det gjer oss betre rusta, for det er sjeldan kablane ryk begge vegar, fortel Dale.

Han meiner kvaliteten på distribusjonsnettet i Austevoll ligg over gjennomsnittet samanlikna med andre kommunar. Austevoll Kraftlag har eit godt beredskapslager som består av utstyr av ulike slag, for som Dale seier:

– Det er ikkje så lett å gå rett bort å låna utstyr hos naboen.

Men det handlar òg vel så mykje om mentaliteten og samhaldet mellom austevollingar.

– Ein får ein meir personleg tilknyting til nettet. Me kjenner dei som er utan straum, ikkje minst veit me at me må ut om straumen ryk uansett vêr, ler han.

Dette er ein som veit kva han snakkar om. Under straumbrotet på Møkster var han sjølv i elden frå morgon til kveld. Men øybebuarane stod på som nokre heltar dei òg, og fylde diesel på aggregatet på natta som om det stod om livet.

– Trongen og vilja til å overleva er større her ute. Folk står på døgnet rundt om det er naudsynt. Det har tradisjonelt vore eit hardare vêr og miljø på øyane og kulturarven står sterkt den dag i dag. Eg har aldri hørt noko nei hos nokon, seier ein mektig imponert Dale.

 

Mot tøffare tider

Austevoll ser ut til å vera godt førebudd og rusta for storm og uvêr, men kan det bli endå betre?

– Det handlar jo om kor mykje samfunnet er villige til å betala for dei siste prosentane. Dette er jo eit økonomisk spørsmål, seier Dale.

For tida har Austevoll kraftlag eit mobilt naudaggregat med kapasitet til 40-50 einebustader. Det var dette dei nytta på Møkster berre nokre veker tilbake. Men tida endrar seg, samstundes som behovet for utstyr vert endra.

– Det går mot tøffare tider når ein ser på vêret. Me må nok tenka annleis framover med tanke på belastning av vêr og vedlikehald, seier Dale som legg til at det framleis ikkje er noko han har sett som har toppa nyttårsorkanen i 1992.

Kraftlaget planlegger å kjøpa inn eit nytt aggregat for å verta endå betre rusta, men håpar på at kommunen vil gå til innkjøp av eit aggregat til PO-sentra.

Men kommunen ser på avtalen med kraftlaget som tilstrekkelig dersom straumen skulle forsvinna.

– Me hadde ein øving på eit straumbrot som varte over lengre tid i haust som gjekk fint for seg. Me meiner me er rimelig godt skodd og har ikkje planar om å kjøpa inn eit aggregat, seier rådmann Rolf E. Nøstdal.

Men kva kan ein gjera som enkeltmenneske for å vera best mogleg førebutt mot straumbrot i framtida?

– Ha alternativ oppvarming, nokre stearinlys, ein lommelykt på fast plass, kanskje til og med primus eller gassgrill så blir ikkje matlaging noko problem, meiner kraftlagskarane.

– Om nokon meiner seg meir i naud enn andre kan òg eit mobilt naudstraumsaggregat vera greitt å ha, fortel Bergflødt.

Men austevollingane kan også sørgja for å gjera jobben til kraftlaget litt enklare. For raskare oppretting av straum er kraftlaget nemleg avhengig av tips frå kundane sine.

– Me set stor pris på at folk seier ifrå om dei ser noko unormalt rundt omkring i forbindelse med straumbrot. Meld heller inn noko ein gong for mykje enn for lite, fortel Dale og Bergflødt.

Av Maria Fehr Johansen