jan 092012
 

Hans Runshaug troppar av etter tre år i stillinga. Arkivfoto.

Administrerande direktør Hans Runshaug i Sjøtroll Havbruk AS sluttar i jobben sin. Runshaug, som har hatt stillinga i tre år, avviser at det ligg nokon dramatikk i avgangen.

– Eg ser dette som ein heilt naturleg overlevering av stafettpinen, og ei heilt omforent løysing, seier Runshaug til Marsteinen.

Styreleiar i Sjøtroll Havbruk, Helge Singelstad, stadfestar avgangen. Det er administrerande direktør i Lerøy Vest, Willy Berglund, som tek over stillinga som Runshaug etterlet seg.

– Berglund er særs godt skodd for jobben, seier Singelstad, som konstaterer at Berglund skal halda fram i begge stillingane.