jan 122012
 

Måsadalen, område i Fagerbakke og frå Raudholmane til Økshamaren er blant areala som vert regulert til bustadsføremål, etter framlegga til kommuneplanen.

Hygge ved Fagerbakkevatnet, slik Tippetue arkitekter ser det.

Kommuneplanen er under rullering, og fortetting i og i nærleiken av Storebø og Bekkjarvik er eitt av dei sentrale momenta når det gjeld bustadbygging.
– Måsadalen er blant dei store nye grepa når det gjeld bustadbygging, seier ordførar Helge André Njåstad. Planutvalet skal seinare i månaden gå igjennom innspela som er kome i samband med kommuneplanen – 175 i talet. I Bekkjarvik-området er det òg lagt opp til ny og mogleg omfattande bustadbygging i Fagerbakke, der ein enno ikkje har kome i gang med sjølve planprosessen, i tillegg til frå Raudholmane og sør til Økshamaren.

Måsadalen kan bli bygd ut og gje plass til mange bustadar.

Vatn og steinalder

Bustadfeltet ved Fagerbakkevatnet og oppover Måsadalen ved Bekkjarvik er likevel under regulering. Tippetue arkitekter har på oppdrag frå Austevoll utbyggingsselskap utarbeidd reguleringsplanen, som òg tek opp i seg korleis ein etter utbygginga kan ta vare på og utnytta Fagerbakkevatnet sine kvalitetar gjennom promenade og pir ut i vatnet, som husar ein relativt sprek aurebestand.

På dei øvre høgdedraga ovanfor vatnet er det registrert fornminne frå steinalderen, som arkitektane meiner kan bli drege fram gjennom infotavler over livet til dei aller fyrste austevollingane, og korleis dei levde. I planområdet som strekkjer seg heilt sør til høgdedraga i nærleiken av Selbjørn skule.

Reguleringsplanen vert òg handsama på fyrstkomande planutvalmøte, seinare i månaden, før han vert lagt ut på offentleg ettersyn.