jan 122012
 

Slepebil med slep og topplast gjekk over autovernet.

Ein front til front kollisjon fann stad rett før klokka 1600 i ettermiddag, då ein personbil rauk i hop med ein slepebil på strekka mellom kryssa til Kolbeinsvik og Vik. Slepebilen hadde både slep og last.

Trass i fem involverte personar, og fire bilar vart det ingen personskade. Politiet rykka ikkje ut, då dei etter samtale med involverte på staden såg det ikkje var naudsynt med politinærleik.

Trass tilstanden på bilen kom passasjerane frå det i god behald.

Marius Løbø Fimland