jan 132012
 

Brun og blid-kjeden vert snart å finna i Austevoll. Foto: Per Heimly.

Solariumskjeda Brun og blid etablerer seg i Austevoll – nærare bestemt i Bekkjarvik torg.

– Lokaliseringa me har fått i Austevoll gjer det attraktivt å opna eit solsenter. Me mottek førespurnadar kver eineste dag om å lokalisera solsenter i alle moglege delar av landet, men utan ein lokalisering i folkerike område er nyetableringar utelukka, seier administrerende direktør Thorbjørn Frantzen i Brun og blid i ei pressemelding. Solsenteret i Austevoll blir den fyrste nyetableringa etter at regjeringa i desember vedtok 18-års grense for å sola seg i solarium. Brun og blid reknar m,ed å flytta inn i senteret i løpet av mars